Då er terminlista for årets turneringar klar! Du finn ho her, saman med retningslinjene for dei ulike turneringane. Dei vil bli lagt ut i golfbox iløpet av dei neste dagane.
Ein nyheit i år er at me ønskjer å øke premieringa for kvar runde i T-serien. Dette betyr at det vert litt meir til vinnarane i kvar enkelt runde, og at den totale samanlagtpremien vert noko redusert. Likevel vil samanlagtvinnarane i kvar klasse framdeles få flotte premiar!
I klubbmeisterskapet blir det og ein liten endring. Spelarar som kvalifiserer i fleire klassar blir automatisk med i alle relevante klassar, så lenge dei spelar frå same tee-utslag.
Senior-klassen gjeld frå 50 år og oppover, i tråd med NGFs retningslinjer.
Nyheit i Westcoast-turneringa: I år blir det ei endring i rekkefølga på banene. Første runde blir spelt på Nordvegen, imens finalerunden går på Haugalandet (Sveio). Dette er motsatt frå tidlegare år.
Merk: Det kan førekome endringar i turneringsoppsettet grunna baneforhold, vêr eller andre uforutsette omstende. Me ber deltakarar følgje med på oppdateringar undervegs i sesongen.
Me gledar oss til sesongstart!
Komentarji