top of page
Search

T-serien og Matchplay


Frå sesongstart i april til slutten av september har me arrangert turnering kvar tysdag, med intervallstart både tidleg og seint, med eit lite opphald i juli. Totalt har me gjennomført 18 tysdagsturneringar. Kvar veke har me kåra ein vinnar i tre klassar, der vinnaren får eit pizzagåvekort frå Pizzabakeren Stord

Deltakarane samlar poeng basert på plassering i kvar turnering. Dei 10 beste rundane tel i Order of Merit, eller samanlagtlista. Ein seier gir mange poeng, men også 2.-, 3.- og 4.-plass gir gode poengsummar. Samandraget er som regel ikkje avgjort før siste turnering er spelt i september.

Etter alle dei 18 rundane kårar me ein samanlagtvinnar i kvar klasse, som får ei flott vase og gåvekort i premie. Om lag 40 % av startavgiftene frå alle T-seriane går til premiering, så det blir betydelege summar i gåvekort til dei flinke vinnarane. Gåvekorta blir fordelt etter talet på deltakarar i kvar klasse, og talet på premiar i kvar klasse er også avhengig av kor mange som deltek.


I A-klassen i år var det Øystein Rykkje som stakk av med den gjeve førsteplassen. Han har deltatt i heile 15 T-seriar og sikra seg 3 førsteplassar. På ein god andreplass kom Gunnar Grov, med 1 førsteplass og 3 andreplassar på sine 16 deltakingar. Vidar Valdersnes tok 3.-plassen etter 16 deltakingar, med 2 førsteplassar og 3 tredjeplassar. I A-klassen vart det premiert til og med 5.-plass, der Ketil Fykse tok 4.-plassen, og Stian Hatlevik enda på 5.-plass.

I B-klassen var det ekstremt spanande mot slutten. Det stod mellom Jan Kennet Henriksen og fjorårsvinnar Emil Lien Rykkje. Jan Kennet tok til slutt seieren og vann klassen med imponerande 6 førsteplassar! Han har delteke i heile 17 turneringar. Emil tok 2.-plassen, med 3 førsteplassar, 2 andreplassar og 3 tredjeplassar. Tredjeplassen gjekk til Trygve Barfot, som hadde 2 førsteplassar, og Gustav Førland og Alf Magnar Geitle tok 4.- og 5.-plassen.som også vart premiert

I dameklassen var det ikkje fult så spennende mot slutten, då Khanitha Hartvigsen alt etter 7 rundar hadde sikra seg 5 førsteplassar. Ho enda med heile 9 førsteplassar etter 15 rundar. 2 plassen vart det litt meir spenning rundt, Kjellfrid Lie Økland, som vart samanlagtvinnar i fjor, tok i år 2.-plassen med 3 seierar og 5 andreplassar på totalt 14 rundar. Hanne Isdal tok 3.-plassen med 1 førsteplass og 5 andreplassar etter 14 turneringar. I dameklassen vart topp 3 premiert.

Gratulerer til alle vinnarane! Til neste år rykkjer mange av B-klasse spelarane opp til A-klassen, og me håpar å få med MANGE nye deltakarar. Me håpar også å få til ein C-klasse igjen, så det blir endå lettare for nybyrjarar å bli med på serien.


I tillegg til T-serien har me også hatt Matchplay gjennom heile sesongen. Mange meiner dette er den mest spanande turneringsforma, der ein spelar éin mot éin over 18 hol, og berre vinnaren går vidare til neste runde.  Finalen, som vart ferdig spelt for berre to dagar sidan, stod mellom Sindre Trovåg og Morten Danmo. Etter 18 hol var dei framleis likt,og det var blitt mørkt  og dei måtte ta opp igjen kampen med omspel seinare . Og etter to omspelshol tok til slutt Morten Danmo seieren  etter totalt 20 finalehol! Gratulerer så mykje til Morten, godt jobba!






Comentários


bottom of page