top of page
Search

Då er turneringssesongen endeleg i gang!






Opningsturneringa vart vel gjennomført i går søndag, og med heile 47 deltakarar ser det ut til at me går ein fantastisk turnerings sesong i møte!  Vêret var strålande, bana var i bra stand til å være så tidleg på året. Og det førte til mange imponerande resultat gjennom dagen.


E-klassen (utan handicap)

Åtte spelarar stilte i E-klassen. Her leverte Øyvind Fykse ein solid runde og vann klart på par. Bak han kom ein av våre lovande juniorar Henrik Bukkøy med +4 slag , ein imponerande prestasjon, spesielt med tanke på at han berre er 13 år!  Ekstra stas vart det då han slo ein av trenarenane hans, Martin Dahl Olsen, med eitt slag. Martin tok tredjeplassen med +5 slag.


A-klassen (nettoslag)

I denne klassen var det 18 deltakarar. Rune Strandenes gjekk ein strålande runde og sikra seieren med -6 slag.  Ein annan av våre dyktige juniorar, Jacob Østensen tok andreplassen med -1 slag, og Carsten Myhre også kom inn på -1 og tok tredjeplassen.


B-klassen (Stableford)

Her deltok 17 spelarar. Trygve Barfot hadde ein knalldag på bana og tok seieren med heile 45 poeng. Joshua Forth kom på andreplass med 43 poeng, og Sverre Røgenes sikra seg tredjeplassen med sterke 42 poeng.


Sjølv om det ikkje vart nok påmelde til ein eigen dameklasse (berre to spreke damer), fekk me heldigvis ein nybegynnarklasse! Fire tøffe nybegynnarar stilte til start, og det var Kristian Aas som tok seieren, og det med imponerande 44 poeng!


På hol 6 hadde me Closest to pin , der Jan Anders Sørheim var nærmast med berre 19 cm frå pinnen, heilt rått!


Tusen takk til alle som var med og gjorde dette til ein fantastisk start på sesongen! Me gler oss til fortsettelsen, og husk å melda dåkr på T-serien tysdag neste veke!




 
 
 

Recent Posts

See All
Turneringar 2025

Då er terminlista for årets turneringar klar! Du finn ho her, saman med retningslinjene for dei ulike turneringane.  Dei vil bli lagt ut...

 
 
 

Comments


bottom of page